Ledig stilling som avdelingsleiar Ål

Vi søkjer ein strukturert og løysningsorientert person som ønskjer å bli del av vår leiargruppe på avdelingsnivå. Arbeidet vil vere utviklande og utfordrande. Vi nevner det daglege driftsansvaret for avdelinga med for tiden åtte tilsette, herunder koordinering av utbyggingsplanar, vedlikehaldsoppgåver, driftsoppgåver samt noko personal- og budsjettansvar.

Du er sentral i arbeidet med både kort- og langtidsplanlegging.

Den vi søkjer bør ha teknisk utdanning, fortrinnsvis retning elkraft. Fagbrev som energimontør, god kjennskap til bruk av relevante dataverktøy er ein fordel. Då dette er ei utadretta stilling vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Det er ein fordel med leiarerfaring. Variert og god erfaring kan vega opp for formell kompetanse. Stillinga sorterer under nettsjefen.

Vi tilbyr ei spennande og utviklande stilling med utfordrande oppgåver i eit stabilt miljø. Konkurransedyktig lønn og gode pensjons- og forsikringsordningar.

For spørsmål og ytterlegare informasjon om stillingane kontakt dagleg leiar Øystein Velure tlf. 90837850 eller personalkonsulent Britt Olviken tlf. 90584440.

Søknad vert å sende til britt.olviken@hallingdal-kraftnett.no

 

Søknadsfrist 22. juni

Relaterte artikler