Ledig stilling som elektroingeniør

Vi søkjer ein strukturert og løysningsorientert ingeniør som ønskjer å bli ein del av vår ingeniørstab. Arbeidet vil vere utviklande og utfordrande. Vi nevner bl.a. prosjektering og oppfølging av store og små prosjekt, utbyggingsavtalar,  jordingssystem, relèplanar og konsesjonssøknader. I tillegg vil du også vere sentral i etablering og oppfølging av vedlikehaldssystem for regionalnettet og transformatorstasjonane.

Den vi søkjer bør ha ingeniørhøgskule evt. teknisk fagskule fagretning elkraft, god kjennskap til bruk av relevante dataverktøy. Vere serviceinnstilt og imøtekomande samt kunne jobbe sjølvstendig.

Ingeniøren jobbar ein del ute og har mange varierte arbeidsoppgåver. 

HKN har fire lokasjonar og arbeidssstad for denne stillinga vil kunne vere i heile Hallingdal.

Stillinga sorterer under nettsjefen.

Vi tilbyr ei spennande og utviklande stilling med utfordrande oppgåver i eit stabilt miljø. Konkurransedyktig lønn og gode pensjons- og forsikringsordningar.

For spørsmål og ytterlegare informasjon om stillingane kontakt dagleg leiar Øystein Velure tlf. 90837850 eller personalkonsulent Britt Olviken tlf. 90584440.

Søknad vert å sende til britt.olviken@hallingdal-kraftnett.no

 

Søknadsfrist 22. juni

Relaterte artikler