Hallingdal kraftnett AS søkjer lærlingar - energimontør

Hovudoppgåva til ein energimontør er å bidra til at alle har elektrisk straum 24 timar i døgnet. Enten det er bedrifter ellerprivatpersonar, i hus eller hytte. Straumen er avgjerande for at
samfunnet vårt skal fungere tilfredstillande.

Som lærling hjå uss vil du møte på mange spennande utfordringar. Energimontøren sine hovudoppgåver er drift og vedlikehald av høg- og lågspenningsanlegg, både luftnett og kabelanlegg. Ein del arbeid foregår over bakkenivå, enten i stolpesko eller mannskapskorg, så ein føresetnad er at du trivest med arbeid i høgden. Arbeid med montasje av utstyr og komponentar med høgt spenningsnivå krev at du er nøyaktig og systematisk. Du må ha forståing for sikkerheit på arbeidsplassen og innrette deg etter relevante forskrifter og retningsliner.


Dette yrket passar for deg som:

- likar å jobbe ute i frisk luft, vinter som sommar.
- taklar arbeid i høgden og kan jobbe sikkert og sjølvstendig
- er løysingsorientert og likar utfordringar
- har fullført VG2 El-energi eller allereide har fagbrev gr L.
- har forståing for eigen og andre sin sikkerheit på arbeidsplassen

Arbeidsstad for stillingane bli ved ein av avdelingane våre på Geilo, Ål, Gol eller Nes/Flå.

For meir informasjon om selskapet sjå www.hallingdal-kraftnett.no

For spørsmål om stillingane kontakt dagleg leiar Øystein Velure – oystein.velure@hallingdal-kraftnett.no
eller personalkonsulent Britt Olviken – britt.olviken@hallingdal-kraftnett.no


Søknadsfrist 21. mars 2022

Relaterte artikler